Anne Kari Hinna
Tidsbruk
Prisen for den etterlengta solrike og varme helga kom i bøtter og spann måndag morgon. Men soltimane i helga blei på si side brukt godt, vel vitande om at det var ei dyrebar tid. Kanskje var det sommarens siste bad me fekk i september.
Kva bruker me tida vår på? Det forsøker Statistisk sentralbyrå (SSB) å halda eit blikk på. Heilt tilbake til 1970-talet er tidsbruksundersøkinga gjennomført, kvart tiande år. Før helga blei den siste undersøkinga lagt fram, der står det blant anna at me bruker ein time mindre på husarbeid i 2022 enn i 1971.
Undersøkinga er elles godt eigna til å stadfesta det me alt veit: Kvinner bruker meir tid enn menn på husarbeid ein gjennomsnittleg dag (bortsett frå vedlikehald i heimen, der menn bruker litt meir tid enn kvinner). Menn bruker meir tid enn kvinner på lønna arbeid, menn bruker 15 minutt meir på fritid enn kvinner, mens kvinner bruker ein halvtime meir på personlege behov enn menn gjer på ein gjennomsnittleg dag, ifølge SSB.
Undersøkinga illustrerer også godt kor store variasjonar det er blant folk.