Viss politikareliten er vanleg oppegåande menneske, og det må me tru, veit dei at oppvarminga skyt fart. Dei veit at metan stig opp når tundra tinar, at når is og snø blir borte, absorberer mørk jord solstrålar og blir varmare, at meir tørke og mindre beiting fører til fleire skogbrannar, at is i Antarktis og Grønland smeltar og havnivået stig.
Dei veit at det sannsynlege er at global temperatur ikkje vil auke med 1,5 eller 2 grader, men mellom 3 og 5.
Dei veit at landområde blir ørken eller hav og levevilkår og matproduksjon borte, at talet på flyktningar no har runda 100 millionar og kanskje ifølgje FN passerer milliarden om nokre tiår, at økologiske flyktningar ikkje berre kjem frå fattige land, men frå havdekte storbyar som New York, Shanghai og Stockholm.
Dei veit at når menneska blir pressa saman, spreier smittesjukdommar seg, at når andre organismars leveområde blir mindre, hoppar patogen over frå småkryp til menneske, og at under smeltande tundra-tele og isdekke vaknar tusen år gamle sjukdomsmikrobar til nytt liv.
Politikarane kan leite fram att FNs berekraftsmål og vurdere framdrifta no halvveges i målperioden 2015–2030. Ingen ting tyder på at fattigdom og svolt blir utrydda, klimautsleppa blir ikkje reduserte, og fred er stadig fjernare. Då tek dei vel nye og sterkare grep? Ingen ting tyder på det.
Éin tanke gir håp: Når det er menneske, og ikkje tsunamiar eller vulkanutbrot eller endra avstand mellom sol og jord eller ein allmektig guds vreide som har ført kloden inn i dette uføret – då står det også i menneskes makt å finne vegen ut att. Hovudoppgåva er å snu tenkinga. Men då må eliten gå føre og ikkje etter.