Dagboka
1500
Eg veit ikkje om de hugsar kommunevalet for fire år sidan, men då kom Folkeaksjonen nei til mer bompenger inn i ein del ulike kommunestyre og fylkesting. I Bergen fekk dei 25.000 røyster, 16,7 prosent oppslutnad og elleve representantar i bystyret. Sidan har vi ikkje høyrt så mykje frå dei, utanom interne konfliktar, utmeldingar og anna rusk og rask, sjølvsagt. Med ei stor kommunestyregruppe ligg det mykje makt i verv og posisjonar, frikjøpte politikarar og mange hender når bystyret røyster.
Som om det ikkje er vanskeleg nok å samle fleirtal med elleve parti i bystyret, har frontfigur Trym Aafløy og to andre meldt seg ut av FNB, Framstegspartiet har ekskludert to av tre bystyremedlemmar, og den eine representanten frå Pensjonistpartiet har meldt overgang til Generasjonspartiet (det enda i retten, men det er ei anna historie). Då Aafløy melde seg ut eitt år etter valet, gløymde han at verva som gav han millionløn, høyrde til partiet og ikkje han personleg. Oops!
På dei siste lokale partimålingane frå Bergen har både nye Bergenslisten ført av tidlegare Ap-byråd Trond Tystad og Industri- og næringspartiet vore inne i bystyret med éin eller to representantar.
Martin Årseth