Tre av fire kommunar seier dei bruker meir pengar enn dei har budsjettert med i år. 96 prosent av dei melder til interesseorganisasjonen for kommunane KS at pleie- og omsorgsbudsjetta er i ferd med å sprekke alt no.
Det beste regjeringa kan gjere overfor blakke kommunar, er å få orden på renta og prisveksten, seier kommunalministeren.