Don’t look back in Geiranger.

Bryllaupet

No har det endeleg skjedd. To overbetalte gamle gubbar frå Manchester skal endeleg spele saman att og loppe det som no er norske avdelingsleiarar med akutt lengsel til nittitalet. Heldigvis er det mange av dei, og prinsessa som ingen kunne målbinde og sjamanen har sjølvsagt ikkje spart på nokon ting når dei no giftar seg i Geiranger. Då prinsessa og sjamanen såg billettprisane Oasis har lagt opp til, fekk dei med ein gong respekt for den enorme svindelen. Oasis gjer reunion slik at Märtha Louise og Durek Verrett kan gå opp til alteret til tonane av «Don’t look back in Geiranger».

Grovt sagt