Dagboka

KrF

Kristeleg Folkeparti ligg jamt under sperregrensa på fire prosent, og er berre representert av tre personar på Stortinget. Dei fekk det dårlegaste valresultatet sidan 1936 sist val, og medlemstalet har stupt i årevis, truleg på grunn av høg gjennomsnittsalder på medlemane. Fram mot 2022 mista dei 10.000 medlemar på berre fem år. Og no har tilsette i partiet varsla mot leiarstilen til leiar Olaug Bollestad, som har vore sjukmeldt sidan før sommaren.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?

Dagboka

Vond vilje

Bergen fekk for nokre år sidan ein heilt unik tunnel gjennom fjellet Løvstakken for fotgjengarar og syklistar. I våte Bergen har tunnelen blitt ein populær treningsarena for folk som vil springa. Tunnelen skal vera den lengste i Europa i sitt slag og bind bydelen Fyllingsdalen på ein genial måte saman med Bergensdalen. Tunnelen er nær tre kilometer lang og er dekorert med kunst og lyssett med fargar. Då tunnelen opna i 2023, blei det arrangert eit løp der. Fyllingen Idrettslag og BFG Bergen Løpeklubb ønsker i år å gjenta suksessen og søkte kommunen om å få bruka tunnelen ein helgedag. Det skal vera snakk om at arrangementet skulle ta ein time, men ifølge Bergensavisen (BA) seier kommunen blankt nei. Kommunen vil ikkje stenga tunnelen for allmenn ferdsel.

Kilder

Tromsø kommunes plan om å legge ned åtte skoler samt slå sammen mange barnehager er lagt på is. Årsaken er at mediene har dokumentert at rapporten som er ute på høring, er full av feil. Blant annet sier elleve av de som er oppgitt som faglige kilder, at dette har de verken sagt, skrevet eller ment. Rapporen om skolenedleggelse kom i begynnelsen av mars og har ført til store protester, sinte folkemøter, og det går varmt på ulike debattfora. Nå beklager kommunedirektøren at det er gjort feil og synes det hele er pinlig. Ordfører Gunnar Wilhelmsen (Ap) beklager, og den planlagte politiske behandlingen i juni er foreløpig utsatt med et halvt år. Ordføreren sa i går at han setter i gang gransking for å finne ut hva som har skjedd. Avisa Itromsø har gransket de 18 kildene i rapporten og funnet ut at de fleste av dem ikke eksisterer. Den kommunale rapporten refererer blant annet til boka «Kvalitet i skolen: Læring, trivsel og relasjoner» og forfatter Thomas Nordahl, professor i pedagogikk. Til Itromsø sier Nordahl at denne boka aldri er skrevet.

Nye bygg

Kulturredaktør i Morgenbladet Bernhard Ellefsen meiner at det er ei «kulturell fallitterklæring» å byggje på Nationaltheatret i same stil som resten av bygget, og han er redd for at folk skal bli lurt til å tru at heile bygget er frå 1890-talet. Går ikkje det heilt fint at dei blir lurt av det, då? Det er veldig vanleg at kyrkjer er påbygd i mange omgangar, gjerne med fleire hundre års mellomrom. Ofte vil ikkje folk sjå det, men tenkje at bygget er eitt. Slik er det til dømes med fleire stavkyrkjer, men også mange andre kyrkjer. Oslo er ein flott by, men det finst ein del verkeleg stygge bygg her. Og ingen av dei er bygd før 1900. Faktisk ikkje eit einaste! Det er jo det som er den store kulturelle fallitterklæringa.