Dagboka

Billetten

Det kokte verkeleg førre helg. Den store hendinga alle snakka om. Billettane til Oasis-turneen vart lagt ut for sal. Ein måtte melde seg i ein digital kø, vente i timevis, håpe at nokon andre kom fram og kunne kjøpe til fleire og gjere det same motsett veg. Då ein kom fram i køen, kosta ikkje billettane – som var ganske dyre frå før – ikkje lenger 135 pund, men 355. Med ei klokke som tikka ned framfor deg, måtte du ta stilling til om du skulle kjøpe billettane til den prisen eller droppe det.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Dagboka

Ekspertar

Blant dei vanskelegaste sakene på bordet til arbeidsminister Kjersti Stenseng er striden om overtidsbetaling for deltidstilsette. Fleire dommar har slått fast at deltidstilsette har rett på overtidsbetaling. Men arbeidsgivarane vegrar seg. I månadsvis har partane i arbeidslivet sete i det som har blitt omtalt som «gruppearbeidet frå helvete» i eit forsøk på å komma kvarandre i møte. Partane står framleis langt frå kvarandre, kunne E24 melda tysdag. Stenseng var tydeleg i pressemeldinga ho sende frå seg i går. Ho er ikkje nøgd med situasjonen. Sjølv om det er sterke meiningar på kvar side av bordet, der både NHO, LO, KS med fleire sit, hadde statsråden likevel «forventet og håpet på mer».

Skynet

Hvor mange har vel ikke sammenliknet det pågående bukkerittet i de store KI-selskapene med Terminator-filmserien? Det er tross alt noen likheter. Kjapt om plottet (i filmen, ikke virkeligheten):Militæret i USA skaper et forsvarssystem, Skynet, for å automatisere forsvarskapasiteten. Målet er et autonomt system som tar avgjørelser uten menneskelig innblanding. Og så: KI-systemet får kontroll over hele forsvarsapparatet, blir selvbevisst, og ser menneskeheten som en trussel som må utryddes. I den virkeligheten vi har i dag, er det muligens tidsreisingen i filmene som framstår mest urealistisk. Skynet sender en drapsmaskin tilbake i tid for å ta livet av en ung John Connor, som seinere blir leder for (den menneskelige) motstandsbevegelsen. I film to er det Robert Patrick som gestalter T-1000, en skremmende androide på drapstokt. Og nå nærmer jeg meg poenget. Uten at jeg klarer å sette fingeren på nøyaktig hvorfor, så framstår Patrick mer skummel i et intervju fra 2017, enn i filmen fra 1991.

Merito­krati

Då den flamske diplomaten Ogier Ghiselin de Busbecq vitja det osmanske riket på 1500-talet, vart han fascinert av kor godt sultanen hadde lukkast med å skape eit system der folk fekk toppstillingar i staten fordi dei var flinke. Heime hjå habsburgarane var det slekta di som avgjorde kor langt du kunne nå. I det osmanske riket kunne sonen til ein gjetar få ei toppstilling i administrasjonen, om han var flink nok. Det var truleg eit klokt instinkt. Den amerikanske statsvitaren Francis Fukuyama skriv at det er mykje betre for eit samfunn å basere seg på meritokrati, enn på at posisjonar og makt går i arv. Likevel vil alle meritokratiske system innebere ein konstant kamp for å unngå å forvitre, seier Fukuyama. Vi menneske stolar nemleg meir på familie og vener enn vi gjer på framandfolk. No meiner Fukuyama at det er i ferd med å skje i heimlandet hans USA.