Straumen

Straum har vorte dyrt, men det har vorte dyrt å strøyme òg. Skal du sjå engelsk Premier League på fjernsynet, kostar det 750 kroner i månaden. Det er dyrt, for folk har over tid vist at dei er viljuge til å betale ganske mykje for å sjå på den engelske toppfotballen. Då strekkjer kanalane seg heilt til det ytste for å få kjøpe rettane til å vise fotballen. Viaplay tok over for TV 2 for to år sidan og betalte 20 milliardar kroner for å vise Premier League i heile Norden frå 2022 til 2028.

Dagboka