Dagboka

Rolla

Det er eit politisk problem når statsminister Jonas Gahr Støre går med rutete skjorter, skriv Morgenbladet, og lener seg på den britiske historikaren David Runciman, som skriv at hykleri er den verste synda ein politikar kan begå i eit liberalt demokrati. Politikarar skal i staden vere «ekte», som Støre ikkje verkar når han klønar litt med øksa framfor VG eller bruker fem forsøk på å tappe øl på Øyafestivalen med Aftenposten på slep. Trekk til Aftenposten for «arbeidervann».

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Dagboka

Røkke

Kjell Inge Røkke har fleire gonger kalt seg sjølv sosialdemokrat. Kva trur du han røyster i år?» Det spørsmålet fekk Jonas Gahr Støre av politisk redaktør i Dagens Næringsliv under Arendalsuka i år. Eg har høyrt fleire andre seie dette med at Røkke er sosialdemokrat, men eg har aldri klart å finne bevis for at Røkke faktisk har sagt noko slikt. Det eg derimot har funne fleire døme på, er at Røkke hintar lett og uforpliktande til at han kanskje likar Ap. Men han har jo hatt mykje å tene på dette ryktet, sidan Ap har gitt han mykje forskjellig. Kan det vere at dette berre er ei myte som han sjølv har hatt interesse av å spreie? I sommar var eg i Røkkes heimby Lugano, og då nytta eg høvet til å lese biografien som er skriven av Gunnar Stavrum.

Arendal

Det vert stadig meir skog i Noreg. Landet gror faktisk att i ganske høgt tempo. Mange eldre folk tykkjer det er litt vemodig med attgroinga, for dei hugsar eit land som var mykje meir ope. Det som er viktig å hugse på, er at det heilt nakne landet som vi hadde for hundre år sidan, ikkje var noko naturtilstand. Heilt frå vikingtida har det vore drive systematisk tømmerhogst i Noreg, og kring år 1900 var det heilt tomt. Knapt eit einaste tre stod att. Stordomstida til norsk trehandel var på 1700- og 1800-talet.

Terning

Fri oss fra politisk Yatzy», klaget Civita-sjef Kristin Clemet nylig i et surmaga angrep på medienes terning­kast på parti­lederdebattene. Her er jeg og Clemet hjertens enig. En illustrasjon på uvesenet var en overtent Hanne Skartveit som etter mandagens debatt skulle jakte ned SV-lederen for å overlevere henne «terningkast 2» for åpent kamera. Hvorfor fikk Bergstø 2? Først og fremst, ifølge VGs analyse, fordi programlederen brukte en halvtime på å slippe henne til. Da så. Hva mener VG hun skulle gjort egentlig? Sparka Fredrik Solvang i skrittet og tatt mikrofonen hans? Truet til seg taletid med Arild Hermstads rekvisitt-gulrot? I tillegg var SV-lederen belærende og med for mye patos om både formuesskatt og å trekke oljefondet ut av Israel, mente Skartveit. Selv tenker jeg Skartveit, som ligger langt til høyre både politisk og i synet på Israel – rett og slett er uenig med Bergstø. Skartveit er ikke aleine.