Amerikansk demokrati

Tiltalene som så langt er teke ut mot den tidlegare amerikanske presidenten Donald Trump, føyer seg inn i ei trist utvikling i det amerikanske demokratiet. Dei politiske partia er dominert av tunge kapitalinteresser, medieinstitusjonane er polariserte, og den politiserte høgsteretten har for mykje makt. Særleg er det den breie amerikanske høgresida som har forverra utviklinga. Då dei 13 opphavlege sambandsstatane i 1776 braut laus frå det britiske imperiet og grunnla USA, så var det eit verkeleg demokratisk pionerarbeid. Dei såkalla grunnlovsfedrane etablerte nokre demokratiske prinsipp og grunnleggjande rettar for borgarane. Begge delar fekk, i hundreåra som følgde, stor påverknad på framveksten av demokrati over heile verda. Rett nok etablerte dei eit slavesamfunn, og i mange statar kunne berre jordeigande, kvite menn røyste. Likevel er den amerikanske revolusjonen ein viktig del av den demokratiske soga.

Leder