Knask og knep!

Oppfinnsam: Lars Mørch Finborud. Foto: Anniken C. Mohr

Original: Lars Mørch Finborud sjonglerer samtidssatire og snurrepiperier i sin nye roman.

Nyleg blei manuset til ein uutgitt roman av Jens Bjørneboe henta opp frå Nasjonalbibliotekets arkiv. I eit intervju her i avisa uttalte Therese Bjørneboe at «Skapsprengeren Manfreds oppstandelse», ein politisk satire, har kvalitetar som ein kan sakne i dagens litteratur: «I dag er folk så helgarderte og redde for å si noe feil». Det kan ein saktens seie seg samd i, om enn ikkje i dei lukkelege dagane ein sit med Lars Mørch Finboruds «Ozenfant, Ozenfant» i nevane.

Bokmagasinet