Tore Rems biografi «Olav V» fortel ei formidabel utviklingshistorie. Dei tre banda følgjer prins Alexander Edward Christian Frederik frå fødselen på Sandringham i sentrum av Det britiske imperiet 2. juli 1903 til han som Olav V sovna inn på Kongssetera 17. januar 1991.
For at Olav V kunne bli «Folkekongen», måtte kongehuset gå i uheilage alliansar – først med arbeidarrørsla, så med media. Begge har styrka monarkiet politisk, fortel biograf Tore Rem.