Kollektiv: Marit Eikemo skildrar eit menneske gjennom institusjonane det er avhengig av.

Teamarbeid

VESENTLEG: Marit Eikemo interesserer seg for menneska og tinga vi omgir oss med. FOTO: AGNETE BRUN

Marit Eikemo skriv underhaldande bøker med djuptgripande tematikk. Undervegs i romanane hennar opplever eg ofte at enkelte delar – personar, intrigar, relasjonar – verkar lettvinte, men så summerer dei seg likevel saman til noko viktigare og meir vesentleg enn eg hadde trudd. Det handlar om at Eikemo faktisk tek det ytre, og ikkje berre det indre livet på alvor: Ho interesserer seg for tinga vi omgir oss med og måten vi omgåst på; for mennesket i sitt daglegdagse habitat. Kanskje er det også noko med språket hennar, som hastar litt rastlaust av garde, gjerne på overflata, gjennom gjenkjennelege situasjonar og relasjonar, og så loddar det i djupna i blant, for å vise kva som ligg under.

Bokmagasinet