Omsetjarane sitt arbeid burde vere ein naturleg del av litteraturkritikken.

Han Kang og omsetjingane

Sør-Koreansk: Han Kang mottok Nobelprisen i litteratur i 2024. Foto: Gorm Kallestad/NTB Scanpix

Ein gong bestemte eg meg for å berre lese bøker på originalspråket. Det var eit heiderleg prinsipp som raskt utvikla seg til ei begrensing. Gong på gong valde eg nemleg mitt svenske morsmål som originalspråk, etter det ikkje fullt så heiderlege prinsippet om minste motstands veg. Til slutt innsåg eg at vinninga heldt på å gå opp i spinninga, og senka ambisjonsnivået. Det førte til at eg faktisk hadde lese ei bok av den sørkoreanske forfattaren Han Kang då ho blei tildelt årets nobelpris i litteratur. Rettare sagt hadde eg lese henne i svensk omsetjing frå koreansk av Anders Karlsson og Okkyoung Park. Uansett korleis ein vrir og vender på det, er jo ikkje det heilt det same, noko eit knippe svenske kulturkommentarar har sett lys på dei siste månadane.

Bokmagasinet