Solveigs salt

Høysommar

På slutten av ein epoke kjem det gjerne til ei siste bløming.

Det moderne sommarlandskapet er kjenneteikna ved at dei nyslegne engene er overstrødde med store rundballar med gras, pakka i kvit plast. Det var dette graset som før i tida blei hengt på hesjer og tørka i sol og vind, for så å køyrast inn i dei raude og okergule låvane. No står dei att som minnesmerke over ein kultur som blomstra av i førre hundreår, ofte som museum der bøndene vonar at nokon skal slengja innom for å sjå på dei gamle traktorane og slåmaskinane deira. Dei bur framleis på sitt eige tun, mens mjølkekvoten er seld og matjorda leigd bort til anonyme kaksar som bruker framandspråkleg arbeidskraft til å så og hausta for seg.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

God dotter

Eg ser tilbake på eit liv rikt på venskap og kjærleik, arbeid og leik. Men der har òg vore mykje overanstrenging som braut meg ned til inga nytte. Derfor skulle eg ønskja at dei som var eldre enn meg, hadde levert ei brukarrettleiing for livet basert på erfaring og moralsk ansvar, i staden for å gni nasen min i menneskefiendtleg familieideologi. Ein laurdagsmorgon utpå hausten i 1978 banka det på døra. Det var ei uhøveleg tid for besøk, eg var trøytt etter ei travel arbeidsveke og dessutan gravid, og dei to kvinneansikta som stod klinte opp i glasruta, representerte eit krav som eg såg meg dårleg i stand til å innfri. Hadde det berre vore Jehovas vitne som ville overrekkja meg ei bok med gullskrift, kunne eg ha sendt dei av garde med eit venleg ønske om betre lukke annan stad, og vridd nøkkelen om i låsen så dei høyrde det. Men med mor og moster mi ståande på dørmatta slutta døra med å vera eit vern mot kaos og rann bort som vatn. No var ikkje dette kva som helst moster, men sjølvaste supermoster, den snillaste og festlegaste i heile slekta, ho som eg hadde feriert hos i barndom og ungdom og skulda alt godt for resten av livet. Hadde ho kome aleine, hadde ho fylt huset med lys og varme.

Vendepunkt

Ingen frå barndomsheimen min levde til dei var syttiåtte, og i sommar fylte eg syttisju. Det gjer dette året ganske spennande. Ikkje berre rykker døden stadig nærare: Dersom eg er i live til neste fødselsdag, vil eg ta det som ei symbolsk stadfesting av at same kor sterkt dei insisterte på fellesskap i lagnad og liding, var eg aldri ein av dei, i alle fall ikkje etter 1970, då familien eksploderte og eg flytte på hybel for første gong. På den tida kunne mor og far òg fått ein ny start. Begge to var framleis i førtiåra, og hadde dei fått støtte og rettleiing frå erfarne folk, skulle dei nok greidd å ordna seg med hus og arbeid kvar med seg. Som det no var, berre dumpa dei seg på storesøster mi og mannen hennar, som hadde nok å stri med frå før, og overlét det til dei å skapa ei ny ramme for tilværet, eller rettare sagt, å reparera den gamle så pass at det kunne sjå ut som eit verdig liv. Det vil seia at mor flytte saman med mormor, formelt for å hjelpa henne i alderdomen, i realiteten for å halda fram med den same krangelen som ho hadde hatt med far, mens far kom på legd hos søster mi. Dei skjøna nok at eg var på veg ut or maktsfæren deira, og det var sikkert ikkje utan sjølvforsaking at dei gav meg eit tilbod som eg ikkje kunne seia nei til: Eg og den nye kjærasten min skulle få bu saman i det huset som stod tomt etter farmor og farfar.

Små søsken

Den kvithåra mannen såg stø og trygg ut der han sat og fortalde om kor hyggjeleg det var å henta barnebarna i barnehagen. Så med eitt brast han i gråt fordi det eine, ein stor og tung gut med Downs syndrom, støtt gjekk til åtak på veslesøstera. Verken foreldre eller besteforeldre visste noka råd med det, for dei hadde jo alltid høyrt at barn med Downs var så snille. Det anstrengte dei seg av all si makt for å tru framleis, og bestefaren tørka skamfull bort tårene og snufsa at det var vel i grunnen hans eiga skuld. «Vi har en liten søster, vi har en liten bror, som er litt annerledes enn andre barn på jord», står det i eit dikt av den fine lyrikaren Inger Hagerup som den herlege skodespelaren Wenche Foss ofte sa fram, med ein varme som kunne smelta stein. Ho hadde sjølv vore mor til ein av dei som kjem til verda med mindre handbagasje enn folk flest, og visste kva ho snakka om når ho bad oss alle gje dei glede til siste båt skal gå. Men det kunne nok òg få oss til å tru at berre me vinn over våre eigne fordomar, er det medvind heile vegen fram. Halldis Moren Vesaas har òg skrive klokt og kjærleg om einsamflygarar og andre avvikarar.