Solveigs salt

Nean­der­talpels

Nål og tråd skapte ein samanheng som aldri før hadde funnest.

Når neandertalskjeletta har så kraftige høgrearmsknokar, er det ikkje fordi det tok så på å bruka spyd, men fordi det var så tungt å laga klede. For Europa var altfor kaldt på den tida til at dei kunne springa nakne omkring. Eit britisk forskarteam har kome fram til at det tok åtte timar å skrapa eit enkelt skinn med steinkniv, og at det må ha gått med fire-fem dyreskinn til kvar klesdrakt. Neandertalane kan ha brukt meir tid på å laga seg klede enn til å gå på jakt.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Dei gode mennene

Det heitte seg at kalifen Harun al Rashid brukte rusla omkring i Bagdad på kveldstid, kledd som ein mann av folket. Såleis fekk han ein kunnskap om vanlege menneske som aldri kunne nå fram til ein opphøgd herskar.Den kloke og vakre fjernsynsserien «Ølhunden Berit» byggjer på den same tematikken ved å la ein middelaldrande osloborgar kamuflera seg med kjole og blond parykk. Sjølv om han berre gjer det for å sleppa unna den negative merksemda han har pådrege seg gjennom kvinnefiendtleg trolling på nettet, gjer den nye innsikta han til ein betre mann. I det verkelege livet skjer slike forvandlingar rett som det er, utan skifte av kjønn. Alt som skal til, er at ein herskesjuk person plutseleg forstår at han må endra atferd dersom han ikkje skal bli dumpa av sine nærmaste. Men fordi åndslivet frå gamalt er knytt til ei livsforståing der det gjeld om å få godkjenning av ei faderleg allmakt på kostnad av kvinner og barn, hender det sjeldnare i bøker og på film. Derfor må den tragiske rollefiguren Tom flyttast ned på eit komisk plan før han kan gje avkall på den patriarkalske identiteten. Der er det meir rom for det uventa og ureglementære, og publikum kan godta at han blir eit ekte medmenneske. Den slags kunne aldri skjedd i eit meir seriøst verk som «Peer Gynt», for det er det overdimensjonerte sjølvbiletet som gjer at Peer blir teken på alvor.

Kyrkja er eit hus

Før om åra gjekk nesten alle norske skulebarn til gudsteneste før jul. Om det ikkje var frivillig, var det i det minste eit omskifte, med benker i staden for pultar og Jesus på korset der det elles hang ei tavle med svamp og kritt. Preika til presten kunne vera tung å lida seg gjennom, men orgelet fekk «Her kommer dine arme små» og «Et barn er født i Betlehem» til å lyda mykje meir høgtidsamt enn i klasserommet. Når ungane kom ut under open himmel igjen, og lufta enno dirra av ljomen frå klokkene i tårnet, kjente dei det inni seg at dei hadde vore ein annan stad. No står mange kyrkjer like tomme i adventstida som elles i året. Dagsrevyen har intervjua folk på gata som synest det er heilt greitt, og filma ein prest som går og stullar og steller framme ved alteret, overlaten til seg sjølv i eit hus der det sjeldan kjem nokon innom. Dersom han ville hatt selskap, kunne han berre gjort som Jesus og oppsøkt syndarane i det naturlege habitatet deira. Likevel er det jo litt synd på han. Sivilisasjonen her i nord er mykje eldre enn kristendomen, som blei innført av fanatiske mannssjåvinistar og førte til at kvinnene blei rekna for ureine i mange hundre år. Men når kyrkjene først er bygde og betalte for, er det for ille å berre la falla inn i seg sjølve. Ein del av dei, særleg dei eldre, er staselege byggverk med harmonisk balanse mellom vegger og vindauge, altertavle og orgel.

Innbilt fange

Det fanst ingen i nærmiljøet som naturbarnet Cathrine Morland kunne forelska seg i. Men når ei ung dame er meint til å bli heltinne, kan ikkje motstanden frå førti sedate grannefamiliar hindra det. Noko må og vil henda som slengjer ein helt framfor føtene på henne. «Northanger Abbey», som kom ut i 1818, er den siste romanen til Jane Austen, og samtidig den første, for han er skriven på grunnlag av det upubliserte ungdomsverket «Susan». Det er ei underfundig bok der den modne forfattaren kommenterer handlinga over hovudet på den unge, som ein dramatikar som står midt på scena og forklarer kva dei medverkande held på med. For å få fart på handlinga inviterer eit par vener av familien Morland den sytten år gamle Cathrine med til badebyen Bath, der marknaden er større og utvalet betre. Der ute i den store verda finst det sjølvsagt òg ein og annan sadistisk adelsmann som liker å tvinga unge damer med til avsidesliggjande gardar. Men mor til Cathrine veit ingenting om den slags, og formanar henne berre om å kle seg varmt når ho kom heim frå dans, og ikkje å la pengebruken gå heilt over styr. Lesarar med fast tru på den sosiale kontrollen på attenhundretalet kan knapt unngå å undra seg over kor fritt denne uerfarne tenåringen får lov til å renna omkring.