Ekteskapet mellom mor og far enda med forferding. Det var ein grufull slutt på ei sørgjeleg historie, men med fleire formildande omstende. Ho hadde sove på eit rom for seg sjølv i elleve år og var likevel ikkje villig til å flytta frå garden. Han hadde teke smertestillande tablettar og skylt dei ned med brennevin fordi ingen hadde forklart han kor farleg det var.
Samfunnet lærte ikkje dei unge å forstå seg sjølve.