I «BlacKkKlansman» leikar og preikar regissør Spike Lee på sitt beste.

Fabel for framtida

TO FOR EIN: Den jødiske politimannen Flip Zimmerman (Adam Driver) må agera kollega Ron Stallworth (John David Washington), når sistnemnde infiltrerer Ku Klux Klan. FOTO: UIP

Ku Klux Klan er i ferd med å hengja frå seg kappene og gå vekk frå dei brennande krossa, hevdar Sergant Trapp (Ken Garito), leiar av spaningsgruppa i det lokale politiet: The Grand Wizard, David Duke (i filmen spela av Topher Grace), kallar seg no «nasjonal leiar» for «organisasjonen» og har blikket retta mot stoverein politikk.

Kultur