Metodelaus: Ei rekke interessante fakta om Ibsen og Holberg forsvinn i det spekulative.

Satiren som forsvann

Heng saman: Premissen til boka er at for å forstå Ibsen, må ein skjøne Holberg. Illustrasjoner: Ranveig og Gabor, wikimedia

«Dette har vært en vanskelig bok å skrive», seier litteraturhistorikar Kirsti Boger om si nye bok «Hollandske oppdagelser», og legg til at «den er heller ikke enkel å lese.» Ho gløymde å føye til: «og å melde». Denne publikasjonen byggjer på stor lærdom, men er også noko av det mest merksnodige underteikna nokon gong har fått mellom hendene.

Bokmagasinet