Agnar Mykles bruk av levande modellar var ikkje tema i rettssaka mot han. Det kan likevel ha vore ein av grunnane til at statsadvokaten valde å gå til sak, meiner Mykle-biograf Anders Heger.
Bruken av levande modellar i litteraturen er ikkje eit nytt fenomen. Spørsmål om praksisen kan forsvarast moralsk og kunstnarisk, dukkar støytt opp i litteraturkritikken, seinast i Aftenpostens diskusjon rundt Vigdis Hjorths nye roman «Arv og miljø».