Anmeldelse

Kjærleikens blindside

Sentrumsblikk: Den kvardagen som for nokre er lokal, er usynleg for andre.

Álvaro Nofuentes

På Grand Manila

Grafisk essay

Jippi Comics 2016, 76 sider

I «På Grand Manila», eit grafisk essay basert på Kjartan Fløgstads roman, legg den spanske teiknaren Álvaro Nofuentes framandordet delokalisering på bordet. Innhaldet i ordet er ikkje framandt for den som har lese «Grand Manila». Romanen skildrar kapitalismens globale rørsler – gjennom det multinasjonale selskapet Union Carbide sine fabrikkar i Sauda, Bhopal og West-Virginia – og dei lokale følgjene av desse rørslene. Men Nofuentes’ ordlyd framhevar ei viktig side ved globaliseringa: Å delokalisere inneber at noko blir fjerna frå kvardagen, som framleis for dei fleste er lokal, og såleis gjer det mindre synleg. Nøyaktig kvar toget forlèt det lokale og køyrer inn i det globale, er umogleg å fastslå. Like fullt er kjensgjerningar i kilometer vanskelege å avslå: «Mellom Sauda og Bhopal er det 6751 kilometer. Og mellom […] hovudkvarteret til UCC i Danbury og Sevin-fabrikken i India var avstanden på 12.237 kilometer».

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Bokmagasinet

Nordisk råd

Solvej Balle nærmar seg siste stasjon i sitt enorme europeiske roman­pro­sjekt.

Kommentar

Det er kulturkrig i biblio­teket.

Intervju

Kunst og hverdag, minner og nåtid flyter sammen når Aasne Linnestå skriver om sin barndoms Rjukan.