Så kom det julbokk åt en stakkar lell», seier den gamle kvinna i Alf Prøysens «Romjulsdrøm». Slik opnar ho opp for eit heilt anna perspektiv enn det den vesle gjesten ser når han går inn gjennom døra hennar. Men å ha ein livleg fireåring på fanget kan nok vera meir enn den giktiske kroppen til ein utsliten jordbruksarbeidar kan tola, og straks songen er slutt, må ho få han ned på golvet igjen på ein måte som ikkje skaper tvil om den vilkårslause kjærleiken. Gå bort i skåpet og sjå om det ikkje står ein boks med kandissukker der, seier ho sikkert, så sant ikkje fattigdom og alder har hindra henne i å fylla opp lageret.