Det sleit på meg at dei hungra så høglytt etter oppbakking og ros.

Diagnose: rik

Illustrasjon: Knut Løvås

Som tenåring trudde eg at eg ønskte meg rikdom. Det kom aldri til konkrete planar om korleis det skulle skje, og var berre eit utslag av ei kollektiv livsforståing som eg flaut omkring i saman med dei fleste andre. Folk i bøker og på film var rike, eller dei dreiv ein rettferdig kamp for å få tilbake eigedom som skurkane hadde teke frå dei. Eg trudde at rikdom var vilkåret for eit verdig liv.

Solveigs salt