Solveigs salt

På Skarekula

Naturbarnet Veslemøy må springa ærend for samfunnsdebattanten Garborg.

Haugtussa» er ei lyrisk forteljing av Arne Garborg, utgjeven i 1895, trykt i mange opplag og ofte framført til musikk, no i vinter på Nationalteatret i Oslo. Hovudpersonen er den synske tenåringen Veslemøy, som slit tungt med utanforskap heilt til ho blir åndsfrende og kjærast med den jamgamle Jon. Men etter den første heite natta finn han seg ei anna.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Sjølv­bin­daren

Ein ettermiddag i 1960 køyrde far min som så ofte før ein raud traktor gjennom ein gyllen byggåker. Bak traktoren hang ein sjølvbindar, ein maskin frå den tidlege industrialiseringa av jordbruket, utvikla tett opp til dei sigdane, hendene og bøygde ryggane som hadde gjort jobben sidan steinalderen. Kjerringa mot straumen må ha vore leiar for prosjektet, for den lange metallinretninga som kutta halmstråa av, var snarare ei saks enn ein kniv. Dei fall på ein transportør av lerret, blei bunta i hop til gamaldagse julenek av eit mekanisk knyteapparat og dumpa bak. Men det var ingen automatikk i det, så det måtte sitja nokon med skarpt syn og gode refleksar på det rumpeforma metallsetet oppå sjølbindaren og gripa inn med to spakar for at bunting og knyting skulle gå rett føre seg. Det var eit krevjande arbeid, og vanlegvis var det ein vaksen mann som sat der. Men utover etterkrigstida blei det vanskeleg å skaffa folk, så far måtte greia seg med ein elleve års jentunge.

Giftgass

Då eg blei fødd, sa mormor: Det blei berre ei jente. Det blei gjenfortalt som ein vits. Etter generasjon på generasjon med gråkledde gutar hadde det endeleg kome jenter på garden, med fine kjolar og sløyfer i håret, først søster mi og så meg. Alle måtte jo sjå at eg var toppen av skaparverket, og når mormor trudde at det hadde vore betre med ein liten bror, var det så på tvers av alle kjende verdiar at det var ikkje til å ta på alvor. Farmor hadde fødd tre søner, men mista den einaste dottera, så for henne må jenter ha vore særskilt verneverdige. Mormor hadde alt opp fire flinke og velskapte døtrer, men ingen odelsgut. Ho såg nok på seg sjølv som berar av eit katastrofalt kvinne-gen som ho no hadde smitta ei aktverdig manneslekt med. Det var ei skam som ingen kunne fri henne frå, ikkje eingong farmor, som ho elles såg svært opp til. Fram til førre hundreårsskifte knytte det seg lite sentimentalitet til jordeigedom, og farfar til farfar kjøpte og selde gardar alt etter kva som lønte seg best.

Filologisk kjønn

Det kan godt vera at det er sant at dei unge av i dag ikkje er så flinke til å lesa lange tekstar som dei burde. Men kva tid var dei det, i grunnen? Då eg gjekk på folkeskulen, frå 1956 til 1963, gjekk dei fleste undervisningstimane med til å høyra på mens læraren høyrde gutar med lesevanskar i leksa. Dei stakkars ungane stotra og stamma og hadde det sikkert mykje verre enn oss som berre sat og keia vettet av oss imens. Ingen av dei gjorde merkbar framgang. Men plagast skulle dei, år etter år. Lærarane var sjølvsagt fullt lesedyktige for sin eigen del. Kva dei las er likevel eit mysterium, og i alle fall hadde det ikkje noko med jobben deira å gjera.