Solveigs salt

Fire generasjonar

Alle saman syntest at me hadde fortent betre.

Eg veit ikkje kor mange gonger eg sat eg på kjøkenet til mormor med barnet mitt på fanget mens ho og mor krangla bortved komfyren eller oppvaskbenken. Eg tykte synd på mor, samtidig som eg irriterte meg over at ho alltid måtte terga mormor på seg. Eg syntest mormor var for hard, og hadde fullstendig gløymt at eg hadde vore med på å hiva ut lenestolane hennar for å gje plass til møblementet til mor. Eg var svært trøytt, og ungen min var uroleg. Eg kviskra til han at me måtte berre vera der litt til, sånn at det kvalifiserte for besøk. For dersom eg kunne kritiserast for berre så vidt å ha vore innom, ville mor krevja at eg skulle koma tilbake snarare enn eg orka.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Undset- paradokset

Sigrid Undset blei fødd i 1882, i ein forskarfamilie der mora hjelpte faren med å laga plansjar til dei arkeologiske førelesingane hans. Dei tok henne med til universitetet før ho kunne gå, og det første ordet ho sa, skal ha vore «skafthulløks». Det gav henne ein kulturell kapital som kom vel med sidan. Ikkje så med barna til Paul Selmer i «Gymnadenia» (1929) og «Den brennende busk» (1930). Trass i at mor hans er like framstegsvenleg som begge Undset-foreldra til saman, eller kanskje snarare på grunn av det, søkjer han mot ein gamalvoren katolisisme der kvinnene har det best når dei får vera heime med barna. Når kona rømmer frå ekteskapet, skuldar han på synd og forfall i samfunnet, og prøver å bøta på det med bøn og faste. Han tek ofte ungane med i kyrkja, men aldri på jobb, endå han har ei leiande stilling i steinbransjen og kunne ha gjeve dei rennefart inn i geologien.

Sankta Sigrid

Nedst nede i eit skåp i eit støvete soverom i huset som stod tomt etter farmor og farfar, låg det eit uinnbunde, halvt oppløyst eksemplar av «Gymnadenia» og skrevde med opne sider. Eg samla dei opp som eit dyrebart oldtidsfunn og la dei andektig på eit bord. Den arkeologiske utgravinga stadfesta den munnlege overleveringa, det vil seia at farmor hadde sjølv fortalt meg at ho dumpa Sigrid Undset då katolisismen tok overhand. Men eg, som hadde arva dei samla verka i skinnband og gullsnitt til og med «Olav Audunssøn», var blitt så omvend av å lesa dei at det var rett før eg gjekk i kloster. Å oppdaga neste fase i forfattarskapen, fattig og fillete og på botnen av eit skåp, var nesten like underfullt som plutseleg å snubla over sandalane til Jesus. Dei fleste Undset-entusiastar opplever «Gymnadenia» og oppfølgjaren «Den brennende busk» som ein nedtur etter mellomalderromanane, langdryge forsikringar om Guds eksistens med liten litterær verdi. Og då den religiøse rusen ebba ut, miste eg òg interessa for dei.

Raudt kort

I veka som var ringde den amerikanske presidenten Donald Trump til fotballpresidenten Gianni Infantino og bad han gripa inn og fjerna det raude kortet som dommaren gav spissen på laget til USA, Folarin Balogun, under sekstandedelsfinalen. For elles ville han vera utestengd frå neste kamp. Og Infantino ville gjerne hjelpa til, skulle berre mangla, når det var sjølvaste Trump som bad! Etterpå takka Trump han på sitt eige sosiale medium, «Truth Social», for å ha gjort det rette. Det var som om ei kraft frå ovan slo til då USA tapte 4–1 mot Belgia, særleg då den tredje ballen trilla rett forbi skotuppane til målvakta, som hadde rota seg langt ut på banen og heldt fram beint mot mål like under føtene til ein forsvarsspelar som skvatt forvirra opp i vêret i staden for å sparka han unna. Fotballdomarar dømer feil rett som det er og får mykje kjeft for det. Men fordi dei i det store og heile er skikkelege folk, og på grunn av sosialt press frå spelarar og publikum, er det svært sjeldan at dei gjer det med vilje. Dessutan veit både dei som spring etter ballen og dei som sit og heiar på tribunen, at utan eit klart regelverk og ein dommar som kan gripa inn mot vald og ukjurskap, vil det raskt utarta til masseslagsmål. Så pass har dei fleste barn forstått lenge før dei byrjar på skulen. Dei som prøver å koma unna med juks og lyging, kan nok bli så rivne med av si eiga bortforklaring at dei mistar sanninga av syne.