Å skaffa julegran var ikkje det verste. Det var berre å dytta på farfar til han gjekk og henta grindasaga, og følgja tett bak han mens han traska til skogs i dei digre gummistøvlane sine, tre nummer for store for at dei skulle vera lette å trø oppi. Rett nok sa han alltid at han tvilte på at me fann noko tre i år, for det var berre dei som stod fritt, som var fine nok, og dei måtte få stå og veksa til dei blei ferdig tømmer, når eg var blitt så gamal som farfar var no. Men til slutt fann me alltid eitt som stod i skuggen av eit anna og likevel ikkje var skeivare enn at det var brukande.
Etter klokka tolv tok dagen til å sprekka opp