Språket

Ein klassikar frå Grunnlova, etter at ho fekk modernisert språkdrakt på bokmål og vart omsett til nynorsk i 2014, er paragraf hundre. «Ytringsfridom bør finne stad» på bokmål. «Ytringsfridom skal det vere» på nynorsk. Eg vart nyleg gjort merksam på ei anna setning i Grunnlova. Om konstitueringa av Stortinget står det på bokmål at «ingen deliberasjon må finne stad i kongens nærvær». Kva tyder det? På nynorsk er ordlyden at «inga drøfting må skje med kongen til stades».

Dagboka