Vindkraftutbygginga i Snøheia og Høyangerfjella i Sunnfjord og Høyanger tok denne veka ei ny retning. Mens planane om vindkraftproduksjon går vidare innanfor kommunegrensene til Høyanger, blir den delen av prosjekta som ligg innanfor Sunnfjords kommunegrenser lagt vekk. Hydro, Eviny og Zephyr står saman for eitt prosjekt, mens Fred Olsen Renewables står bak eit eige. Begge utbyggarane trekk planane dei hadde for vindkraft i Sunnfjord.