«Ventetiden» viser korleis krigens destruktive kraft rammar på tvers av generasjonar, over tid.

Korte krigar finst ikkje

Illustrasjon: Keum Suk Gendry-Kim/Pax forlag

Av dei mange hendingane det vert fortalt om i Keum Suk Gendry-Kims teikneseriebok «Ventetiden», er det særleg éi som festar seg. Året er 1950, og det bryt ut krig på Korea-halvøya, som to år tidlegare vart delt i to, mellom Nord- og Sør-Korea. Ein liten familie – mor, far, ein liten gut og ei nyfødd jente – flyktar sørover, og på denne reisa, i det sjette kapittelet i boka, mistar dei kvarandre. Mor vert tvungen til å halde fram med berre eitt barn. Synet av sonen, i armane på faren, den siste gongen ho ser han, kjem til å følgje henne livet ut. Biletet fyller ei heil bokside i «Ventetiden» – og har fått prege omslaget på utgåver i fleire land.

Bokmagasinet