I mai 1968 opna døra til ei betre verd seg på gløtt, særleg i Paris, som Annie Ernaux skriv om i «Årene»: Kven som helst kunne gå inn på stader som dei før hadde vore utestengde frå, universitet, fabrikkar, teater, og gjera kva dei ville der, eta, elska, sova. Kjenslene slapp fri, dei strenge franske reglane for korrekt språkbruk forsvann, høg og låg diskuterte på like fot. Folk som det aldri før hadde vore aktuelt å sleppa til på TV, fylte skjermen med kroppen full av sjølvtrygg energi.