Jamvel om filmar har framstilt robotar som demokratiske og eksistensielle trugsmål heilt sidan 1920-talet, har det aldri vore tvil om at det er robotprodusentane som er problemet med sine mørke, aggressive drifter, vaklande moral og forbruksmentalitet. I Steven Spielbergs «A.I.» (2001) blir ein robotgut sett ut i skogen, når menneskefamilien ikkje treng kjærleiken hans lenger. I Lisa Joys og Jonathan Nolans kapitalismekritiske «Westworld» (2016 –) startar androidar eit slaveopprør mot det kyniske storselskapet som eig dei og kundane som øver vald mot dei.
Melankolsk framtidsfilm som på meditativt vis maktar å poda inn ei lindrande von.