Første gongen koranen vart omsett til norsk, var på slutten av 60-talet, og omsetjinga var til nynorsk. Det var fiskarbonden Einar Seim på øya Kinn utanfor Florø som gjorde omsetjinga, og han gjorde det berre på gøy. Seim hadde ikkje skulegang utover folkeskulen, men han hadde eit stort bibliotek på den vesle garden, og var særleg interessert i språk og religion. Då han skjøna at den heilage boka til muslimane ikkje fanst på norsk, gjorde han berre jobben sjølv etter at gardsarbeidet var unnagjort.