Film

Sensurert kritikk

I «Ett sekunds lykke» er Zhang Yimous bodskap omskriven med påhalden penn.

ØRKENSAMFUNN: To utstøytte, ein mann (Zhang Yi) og ei foreldrelaus jente (Liu Haocun), møtest i motstridande interesser for film i «Ett sekunds lykke». FOTO: AWE ØRKENSAMFUNN: To utstøytte, ein mann (Zhang Yi) og ei foreldrelaus jente (Liu Haocun), møtest i motstridande interesser for film i «Ett sekunds lykke». FOTO: AWE

(Yi miao zhong, Kina, 2020)

Regi: Zhang Yimou

Manus: Zhang Yimou og Zou Jingzhi, etter Geling Yans roman

Sjanger: Drama

Med: Liu Haocun, Zhang Yi, Fan Wei

Lengde: 1 t. 45. min.

Vist på: Kino

«Ett sekunds lykke» tar oss tilbake til den kinesiske kulturrevolusjonen (1966–76), og gjev eit glimt av tilværet i arbeidsleirar ved den veldige Gobi. Den filmatiske retorikken er både tilbakehalden og litt gammalmodig, men korkje ei forsonleg forteljing eller den abstrakte venleiken til solglitrande sanddyner, kan skjula at dei tvangsskapte menneskesamfunna er like livsfornektande som ørkenen. Handlinga krinsar om kinoen og det eine tillatne (og difor populære) kulturinnslaget i leirane: vising av propagandistiske spelefilmar og filmaviser. Filmen er basert på ein roman av Geling Yan, men miljø og karakterar kunne òg vore henta frå regissør Zhang Yimou (fødd 1951) si personlege historie. «Ett sekunds lykke» skil seg i mangt frå dei fargesterke filmane han fekk eit internasjonalt gjennombrot med for 30 år sidan.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Film

Tv-serie

Alley Cats

Ricky Gervais’ nyeste serie er animert, liksom-frekk og skuffende.

Tv-serie

Den ameri­kanske revo­lu­sjonen

NRK viser en forkortet versjon av Ken Burns’ episke dokumentarserie. Det innebærer vesentlige utelatelser.

Film

Spider-Man: Brand New Day

Forretningsmodellen til Marvel hindrer «Spider-Man: Brand New Day» i å gi studioet den nye starten det sårt trenger.