Solveig Aareskjold 16. nov.
Neandertalpels Når neandertalskjeletta har så kraftige høgrearmsknokar, er det ikkje fordi det tok så på å bruka spyd, men fordi det var så tungt å laga klede. For Europa var altfor kaldt på den tida til at dei kunne springa nakne omkring. Eit britisk forskarteam har kome fram til at det tok åtte timar å skrapa eit enkelt skinn med steinkniv, og at det må ha gått med fire-fem dyreskinn til kvar klesdrakt. Neandertalane kan ha brukt meir tid på å laga seg klede enn til å gå på jakt.
Då dei første i vår eiga slektslinje kom traskande nordover frå Afrika for førti tusen år sidan, hutrande og blåfrosne i isgufset frå den tilstundande vinteren, trudde dei kanskje at neandertalane var ein slags dyr og slo dei i hel på grunn av pelsen. Underleg så lette dei var å flå, sa den eine Homo sapiens til den andre då dei reiv kleda av dei innfødde.
Men det treng ikkje ha vore innvandrarane si skuld at dei døydde ut. Møtet kan like gjerne ha vore venleg og gjestfritt, og gode relasjonar kan ha blitt etablerte ved at nykomarane fekk varme skinndrakter.
Elles kan det sjølvsagt tenkjast at dei heilt på eiga hand forstod at den tjukke pelsen på dei ville dyra var løysinga på problema deira.