17. okt.
Vendepunkt Ingen frå barndomsheimen min levde til dei var syttiåtte, og i sommar fylte eg syttisju. Det gjer dette året ganske spennande. Ikkje berre rykker døden stadig nærare: Dersom eg er i live til neste fødselsdag, vil eg ta det som ei symbolsk stadfesting av at same kor sterkt dei insisterte på fellesskap i lagnad og liding, var eg aldri ein av dei, i alle fall ikkje etter 1970, då familien eksploderte og eg flytte på hybel for første gong.
På den tida kunne mor og far òg fått ein ny start. Begge to var framleis i førtiåra, og hadde dei fått støtte og rettleiing frå erfarne folk, skulle dei nok greidd å ordna seg med hus og arbeid kvar med seg. Som det no var, berre dumpa dei seg på storesøster mi og mannen hennar, som hadde nok å stri med frå før, og overlét det til dei å skapa ei ny ramme for tilværet, eller rettare sagt, å reparera den gamle så pass at det kunne sjå ut som eit verdig liv. Det vil seia at mor flytte saman med mormor, formelt for å hjelpa henne i alderdomen, i realiteten for å halda fram med den same krangelen som ho hadde hatt med far, mens far kom på legd hos søster mi.
Dei skjøna nok at eg var på veg ut or maktsfæren deira, og det var sikkert ikkje utan sjølvforsaking at dei gav meg eit tilbod som eg ikkje kunne seia nei til: Eg og den nye kjærasten min skulle få bu saman i det huset som stod tomt etter farmor og farfar.
Solveig Aareskjold