Det finst inga frykt for store ord i dikta til Edvard Hoem, og inga frykt for store kjensler og tankar. Og takk Gud for det, hadde eg nær sagt, for når Hoem no samlar sine beste dikt, etter alle desse år, blir det tydeleg at han er ein diktar av stort format. Diktinga hans kan romme det meste: leik og andakt, lovsong og elegi, indre og ytre landskap, open gudstru og radikal politikk. Høyr berre på siste strofe i ‘Den fattige Gud’ (1983), som til slutt fann sin plass i Norsk salmebok 2013:
Song: Edvard Hoem er ein folkediktar av stort format.