Draumemannen møter ei dømmande kvinne i eit litt datert, satirisk robotdrama.

Algo­ritmedraum

PAR I ALGORITME: Maren Eggert og Dan Stevens. FOTO: ARTHAUS Christine Fenzl

Underhaldningsfilm har alltid oppmoda kvinner til å jakta på Mr. Right. Romantiske filmar har også lært oss at lista over spesifikasjonar som idealmannen (òg -kvinna) må innfri, er så krevjande at det ikkje er til å undrast over at både satiriske og dystopiske filmar rett og slett har bygd ein perfekt modell. I Susan Seidelmans kjønnsrollekritiske robotkomedie «Den perfekte mann» (1987) er humanoiden Ulysses utvikla for einsam utforsking av verdsrommet og ein tru kopi av sin skapar, ein kjenslekald vitskapsmann. Men i møte med kvinna som skal læra Ulysses å sjarmera sponsorar, utviklar den lærenæme maskinen eit emosjonelt register som opphavsmannen aldri har hatt tilgang til. Ein forelska Ulysses blir den inderlege og oppmerksame partnaren PR-kvinna alltid har drøymt om. Det er vitskapsmannen som til slutt gladeleg reiser ut i Kosmos.

Kultur