Alt levande søkjer mot rus, ser det ut til, sunt eller ikkje, kjærkomen avkopling eller trussel mot flokk og samfunn. Det er heilt sikkert ikkje bra for vepsyngelen at dei vaksne fyller seg med gjæra frukt. Men i slutten av september er oppfostringsarbeidet ferdig for i år, og dei einslege ho-vepsane som kjem flygande når me hyggjer oss uti hagen, har verken jobb eller fast bustad lenger. Så den som balanserer langs kanten av likørglaset, kan like godt få med seg den moroa som byr seg, så sant ho gjer det på eige ansvar og ikkje stikk oss i fylla.