Solveig Aareskjold
Smeden
Far min las Det gamle testamentet som ein røvarroman. Det var ein fruktbar innfallsvinkel, særleg når han støtta oppunder med dikt av Jakob Sande, om israelsfolket som flykta frå Egypt, og Moses som løfta sin lange stav og skilde Det raude hav:
Og Moses ropte! Fylg på, fylg på!
Farao kjem, og Gud hjelpe oss då
om ikkje vi alle er langt her ifrå
på veg mot det lova landet!
Triumfen ved å vera sloppen unna og trygt i land på den andre sida blei fullkomen ved at forfølgjarane drukna då havet lukka seg igjen. Mens israelsfolket heldt kveldsmåltid med fisk som dei hadde plukka rett ut or vassveggen, fekk fienden som fortent, for
... tett under land steig det bobler opp,
der farao låg, den forvorpne kropp,
med hestar og generalar.