Eg ser på ein engelsk fjernsynsserie, «Howards End», om to frisinna unge kvinner for hundre år sidan. Dei bur i eit rommeleg husvære der det einaste tyendet som er å sjå, er ei pen og velstelt stuepike som opnar døra når det ringer på. Kven som tek oska ut or omnen, skreller poteter, vaskar opp og vaskar klede, ser eg ingenting til. Når dei unge damene drøftar likestilling og menneskeverd med venene sine, gjer dei det likevel alltid i nystrokne blusar.