Det berande dogmet i evolusjonsbiologien er at hanndyr har genetisk interesse av å spreia sæden sin så vidt som råd, mens det er omvendt for hodyr: På grunn av den høge kostnaden ved svangerskap og yngelpleie løner det seg betre å halda seg til ein einaste hann. Hoer går for kvalitet, hannar for kvantitet.