Solveigs salt

Jentekraft

Skal verda ha ein sjanse, må mennene slutta med å rotta seg saman.

I 1798 gav den engelske presten Thomas Malthus ut boka «An Essay on the Principle of Population», der han hevda at folketalet i verda kom til å auka ukontrollert, i motsetnad til matvareproduksjonen, som aldri kunne halda følgje.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?

Solveigs salt

Stover og bøker

I Garborgsenteret på Bryne har dei laga etterlikningar av eit par av dei romma som diktaren heldt til i, slik at det er nesten som å gå inn i skrivehytta på Knudaheio, og i stova i barndomsheimen med den legendariske kista der han sneik seg til å lesa bøker bak ryggen på faren. Trass i den minimalistiske museumsstilen er det ei stemningsfull opning mot eit forunderleg diktarsinn. Men sand på golvet har dei ikkje, endå bøndene på Jæren til liks med folk på Jylland henta heile kjerrelass frå strendene og strødde han utover i kjøken og stove. Det gjorde reinhaldet enkelt og skurte golvplankane skinande blanke. I «Knudaheibrev» skriv Arne Garborg om kor festleg det var for ein liten gut når dei vaksne tok han med ut til det veldige havet, og om at den blå havsanden gav heimen hans ein dåm av strand og sjø. Langs den eine langveggen i utstillingslokalet er der bokhyller med meter på meter av ulike opptrykk av bøkene hans. Der står òg den same utgåva av samla verk frå 1944 som mannen min og eg kjøpte hos ei gamal dame som svarte på den annonsen me sette inn i Stavanger Aftenblad i 1975 eller 1976, ein periode då Garborg var redusert til lesebokpensum, og verken fanst på lager eller i butikkar. Det er fine band med skinnrygg og titlar i sølvskrift. Likevel er det noko armodsleg ved dei, for den stova dei stod i før dei kom til oss, var så kald og trist at me stansa i døra.

På Skarekula

Haugtussa» er ei lyrisk forteljing av Arne Garborg, utgjeven i 1895, trykt i mange opplag og ofte framført til musikk, no i vinter på Nationalteatret i Oslo. Hovudpersonen er den synske tenåringen Veslemøy, som slit tungt med utanforskap heilt til ho blir åndsfrende og kjærast med den jamgamle Jon. Men etter den første heite natta finn han seg ei anna. Veslemøy er gjetar og må ut i marka med husdyra enten ho er i form til det eller ikkje. Trist og motlaus legg ho seg ned attmed bekken og sovnar, og drøymer om ei hulder som kjem til henne med ærend frå bror sin. Han lengtar like heitt etter Veslemøy som ho etter Jon, og vil ingenting heller enn å elska og trøysta henne. Den klassisk utdanna Arne Garborg kjende nok frå før til myten om Ariadne, ho som hjelpte Tesevs til å drepa monsteret i labyrinten på Knossos, men blei sviken og forlaten på øya Naxos. Der fann guden Dionysos henne og løfta henne opp til lukkeleg ekteskap på Olympen.

Diagnose: rik

Som tenåring trudde eg at eg ønskte meg rikdom. Det kom aldri til konkrete planar om korleis det skulle skje, og var berre eit utslag av ei kollektiv livsforståing som eg flaut omkring i saman med dei fleste andre. Folk i bøker og på film var rike, eller dei dreiv ein rettferdig kamp for å få tilbake eigedom som skurkane hadde teke frå dei. Eg trudde at rikdom var vilkåret for eit verdig liv. Som ung vaksen hadde eg lite av pengar og endå mindre av tid. Det eg strevde hardast for å få, var eit kvardagsliv der familie og arbeid gjekk i hop. Det var mange ting som måtte skaffast, handklede og tallerkar, vaskemaskin og kjøleskåp.