STAY OR GO: Venstre-leiar Trine Skei Grande ber KrF-Hareide avklare at han vil stå saman med henne også etter neste val.
– Eg håpar KrF vil samarbeide med Venstre framover. Eg er forundra over at dei ikkje berre slår fast at dei vil stå med oss, seier Trine Skei Grande. Ho møter Klassekampen under Arendalsuka, som er midtpunktet for norsk politikk ei augustveke kvart år.