Toget suste gjennom natta mens eg småduppa i setet ved vindauget. Men eg kunne ikkje falla til ro, for eg skulle hatt ryggsekken til å leggja beina på. Ved sida av meg sov ein liten student frå Malaysia. Det var han som hadde løfta sekken min opp på bagasjehylla. Eg hadde late han gjera det fordi han var både eitt og to hovud lågare enn dei andre mennene i togvogna. Ein måtte ha eit hjarte av stein for å nekta han å visa at han hadde musklar av stål.