«Vi kan ikke legge majoritetens godvilje til grunn i et demokratisk samfunn», skreiv Benedikte Vivaas Kise, Eirik Rise og Ida Tønnessen (Europeisk Ungdom og Skeiv Ungdom) her i avisa 24. juni. Men det er berre demokrati viss fleirtalet får bestemma. Demokrati betyr at fleirtalet skal styra. Når eg påpeikar dette, kallar Kise, Rise og Tønnesen det ei avsporing. For menneskerettane kan ikkje vedtakast av eit fleirtal, hevdar dei.