BORGARLEG KAOS: Dersom Noreg skal ta imot 10.000 syrarar, vil det koste milliardar. Men dei borgarlege partia kranglar om kor rekninga skal sendast.
No skal partia på Stortinget setje seg ned for å forhandle om revidert statsbudsjett. Men den største posten, tusenvis av ekstra kvoteflyktningar frå Syria, kan skape så mykje vanskar for politikarane at dei ikkje blir einige før sommaren.