Ken Jackson har delt denne artikkelen med deg.

Ken Jackson har delt denne artikkelen

Bli abonnent

Trond Giske meiner Støre og Arbeidarpartiet gjer same feil som Demokratane i USA. No håpar han Trump-sigeren kan få Ap til å vakne.

Slår Trump-alarm

Uroa: Trond Giske meiner at venstresida i Noreg må ta sigeren til Donald Trump på alvor. Her fra Arbeiderpartiets landsmøte i fjor. Foto: Javad Parsa, NTB

Donald Trump vart denne veka president i USA ved eit valskred. Leiar i Nidaros sosialdemokratiske forum Trond Giske meiner det skjedde ved at republikanarane vann veljarane i distriktet og i arbeidarklassen, og det same er i ferd med å skje i Noreg.

– Det er ikkje tilfeldig at Frp no er det største partiet på fleire meiningsmålingar. Det er nøyaktig det same som skjer her, som det som har skjedd i USA. Venstresida blir opplevd for sentralistiske, elitistiske og byråkratiske, seier Giske.

Nøkkelen for at Arbeidarpartiet og venstresida i Noreg skal få attende nærveljarane, meiner han er å ta attende kontrollen over samfunnsutviklinga – å bruke politikk for å styre samfunnet.

– Det handlar om å ta styring over straummarknaden, styring over bustadmarknaden og kontrollen over styringa av samfunnet. Brexit-slagordet «Take back control» trefte denne nerva. Vi må tore å styre, og tore å ta makta tilbake frå byråkratar og embetsmenn, seier Giske.

Skjønar at Frp veks

Giske meiner at den omstridde saka om skulenedleggingar i Innlandet tener som eit godt døme på korleis Arbeidarpartiet blir oppfatta, og kva som er problemet.

– Det er eit godt døme på korleis vi berre aksepterer det biletet som prognosene viser. Dei seier at folketalet kjem til å gå ned, men vi kan jo prøve å endre folketalsutviklinga ved å føre politikk. Vi treng ikkje å godta det, seier Giske.

Frp har vore det største partiet på fleire meiningsmålingar den siste tida, og på ei meiningsmåling denne veka låg dei fleire prosentpoeng framfor både Høgre og Ap.

Det meiner Giske er eit uttrykk for det same som valskredet til Trump.

– Det er heilt føreseieleg at Frp no veks. Mange av dei veljarane vi har mista, ser ikkje Høgre som noko alternativ, for det er også eit urbant og globalt parti. Frp er det eg kallar eit nærveljarparti, og det er slike veljarar Ap har mista i hopetal, seier han.

Nærveljarar

Trond Giske har skrive ei masteroppgåve i statsvitskap, og der delar han veljarmassen opp i to grupper: nærveljar og globalveljar. Den første gruppa er litt enkelt sagt folk med kort utdanning som er knytt til nærstaden sin og som taper på globaliseringa i verda, medan den andre gruppa er folk med høg utdanning som er tilhengjarar av globalisering.

Giske meiner at problemet til både Demokratanes presidentkandidat Kamala Harris og Arbeidarpartiet er at dei ikkje klarer å nå ut til nærveljarane godt nok.

– Utsegna til Joe Biden om at Trump-tilhengjarane er søppel, det var øydeleggjande. Det stadfestar eit inntrykk mange veljarar allereie har, nemleg at det finst ein elite som ser ned på dei. Også i Noreg er det mange veljarar som tenkjer at folk i elitane ikkje er opptekne av meiningane deira. Det er øydeleggjande, seier Giske.

Giske trur ikkje på at veljarane no går til høgreparti fordi dei vil ha lågare skattar eller meir høgresidepolitikk.

Det betyr at det er fullt mogleg å vinne dei attende utan å gå til høgre i den økonomiske politikken, trur han.

– Høgrebølgja vi ser no, er veldig annleis enn den vi såg på 80-talet. Då var folk lei av høge skattar og ein stor stat. No er eit klart fleirtal i folket tilhengjarar av høge skattar, så dei går ikkje til høgre fordi dei vil ha låge skattar. Også mange Trump-veljarar er tilhengjarar av ein sterk velferdsstat. Dei røystar på Trump fordi dei trur han tek dei på alvor, seier Giske og legg til:

– Franklin D. Roosevelt hadde slått Trump med ei hand på ryggen. Fagrørsla var ein gong kjernen i Det demokratiske partiet. Det har dei gått vekk frå, og no blir dei straffa for det.

Å vere folkeleg

Stortingsrepresentant for Ap Per Vidar Kjølmoen er heilt samd med Giske i at partiet bør lære av det amerikanske valet, og at sigeren til Trump seier noko om ting som skjer her heime også.

– Ja, absolutt. Ta til dømes at Trump spelte inn ein valkampvideo på McDonalds og jobba der i ein time. Demokratane derimot, dei har store show med popstjerner og dyre opplegg. Det seier noko ganske viktig, trur eg. Vi må ta symbolikk på alvor. Det må vere naturleg for venstresida å ete på McDonalds, seier Kjølmoen og legg til:

– Eg trur ikkje Frp går fram fordi dei er geniale, eg trur dei går fram fordi dei er alternativet det går an å gå til. Då må vi klare å vise tydelegare at Sylvi Listhaug (Frp-leiar, red.anm.) berre betyr smerte for arbeidarklassen.

Når det gjeld saka om skulestruktur i Innlandet, er Kjølmoen samd i at Ap må anstrenge seg for å bli oppfatta som eit godt distriktsparti.

– Eg skal ikkje meine noko om skulestrukturen i Innlandet, men det er ingen tvil om at distrikta er viktigare i norsk politikk enn nokon gong før. Eg trur og mange i Groruddalen kjenner seg som distrikt. Det handlar om at dei opplever avstand frå Oslo og dei som styrer, seier Kjølmoen.

Dette får du

  • Nye perspektiver

    Journalistene våre gir deg analyser og vinklinger du ikke finner andre steder.

  • Klassekampen.no

    På klassekampen.no får du servert de beste sakene fra avisa. Du kan også lese dagens og tidligere utgaver, søke i arkivet og dele artikler med venner og kjente.

  • Nett eller papir?

    Du kan ha papiravisa hver dag, bare i helga eller ikke i det hele tatt. Digital tilgang har du uansett!