Fredrick Mortvedt har delt denne artikkelen med deg.

Fredrick har delt denne artikkelen

Bli abonnent

I forslaget til nytt program vil ikkje SV lenger seie opp EØS-avtala. Torgeir Knag Fylkesnes seier det handlar om prioriteringar.

Vil fjerne EØS-exit

Likar ikkje: Torgeir Knag Fylkesnes og SV er framleis ikkje store tilhengjarar av EØS-avtala, men no vil han fjerne ei utmelding frå partiprogrammet. Foto: Anniken C. Mohr

Førre veke la programkomiteen i SV fram eit forslag til nytt partiprogram. Der står det at partiet vil «utvide handlingsrommet i EØS-avtalen», men det gamle punktet om å «si opp EØS-avtalen» og «erstatte den med en bred handels- og samarbeidsavtale med EU» er ute.

Nei-mann og leiar av EU/EØS-utvalet i SV Heming Olaussen seier han skal arbeide for at det nye programmet blir tydelegare på at SV framleis vil seie opp EØS-avtala.

– Eg tenkjer at vi må forsterke dei formuleringane om EØS i det nye programmet. No spissar debatten seg, og EØS-tilhengjarane i andre parti vil gjerne avlyse alle debattar om EØS, då er det viktig at SV er eit tydeleg nei til EØS-parti og markerer den motstanden, seier han.

– Er det enkelt for Noreg å erstatte EØS-avtala med ei ny handelsavtale, slik det står i det førre programmet?

– Eg veit ikkje om det er enkelt, men brexit syner at Storbritannia fekk nye avtalar trass alle som sa at det ikkje kom til å gå. EU er ein rasjonell aktør som tener mykje pengar på å handle med Noreg, så det ville ha vore irrasjonelt av EU å ikkje ha ein handelsavtale med Noreg.

Ja-mann jublar

Fredrick Mortvedt er sentralstyremedlem i Europabevegelsen og aktiv i Frogner SV i Oslo. Som EU-tilhengjar er han glad for at utmelding av EØS no er ute av forslaget til nytt partiprogram.

– Eg trur mange i SV tenkjer at den saka er død. Og eg trur at EØS-avtala står sterkare enn ho nokon gong har gjort, etter den siste utgreiinga som vart bestilt av Senterpartiet, seier Mortvedt.

– Dei som vil seie opp EØS-avtala, har svært få faglege argument igjen. Ein ser òg at LO støttar opp om avtala med nebb og klør.

Mortvedt seier det ikkje finst noko reelt alternativ til EØS-avtala.

– Særleg Raudt meiner ein skal sjå til Frihandelsavtala frå 1973 for industrivarer. Men det som både EØS-utgreiinga og LO påpeikar, er at den avtala utelukkar veldig store grupper av norske arbeidarar som er avhengige av EØS-avtala, slik som tjenesteeksporten.

Han trur derimot ikkje dette betyr at SV òg er i ferd med å snu i EU-spørsmålet.

– For SV si del er nok dette eit veldig langsiktig prosjekt. Men eg har tru på at òg vi på sikt vil delta i det europeiske demokratiet og ta vår del av ansvaret. Dei andre sosialistpartia i Sverige, Danmark og Finland har jo snudd.

Omprioritering

Sentralstyremedlem i SV Ådne Naper meiner dette fyrst og fremst er eit signal om kva SV vil prioritere i komande stortingsperiode.

– Eg tolkar dette som at SV skal prioritere andre ting enn å seie opp EØS-avtala i Stortinget.

Naper trur, i likskap med Mortvedt, at regjeringa si EØS-utgreiing kan ha spelt inn i SVs programarbeid.

– Det kan godt hende ein forheld seg til grundige utgreiingar. Så trur eg det kunne sett annleis ut om vi hadde kloke alternativ. Det har vi ikkje.

Han har heller ingen tru på Frihandelsavtala frå 70-talet som eit alternativ.

– Eg trur ikkje ho er tilstrekkeleg for eksportretta industri no 50 år etterpå. Eg trur det er mykje meir komplekst. Brexit har lært oss at det ikkje er noko quick-fix. Og prisen er ganske stor ved å rokke på avtaleverket. Sjølv om eg òg fullt ut anerkjenner at det er mykje problem med eit såkalla dynamisk avtaleverk som EØS-avtala er.

Framleis kritisk

Nestleiar i SV Torgeir Knag Fylkesnes har leia programarbeidet i partiet.

Han seier at fjerning av punktet om å seie opp EØS-avtala ikkje signaliserer at SV no er meir positive til EU eller EØS.

– Det handlar om kva som er mogleg å få til dei neste fire åra i Stortinget og kva vi skal prioritere. Bestillinga frå landsstyret i SV til programkomiteen har vore at vi skal prioritere stramt og avgrense oss til neste stortingsperiode. Det har vi gjort, og så står det framleis i prinsipprogrammet vårt at EØS-avtala «er til hinder for demokratisk styring og omfordeling, seier Fylkesnes.

– Har du inntrykk av at folk i SV er i ferd med å bli meir positive til EØS-avtala enn det som har vore tilfellet tidlegare?

– Det har eg ikkje full oversikt over, men vi er eit diskuterande parti. Det er bra.

Betre for Noreg

Tidlegare kommunalminister for Senterpartiet og noverande stortingsrepresentant Sigbjørn Gjelsvik sit i programkomiteen i eiga parti. Han seier at det aldri har vore aktuelt for dei å fjerne punktet i programmet om å melde Noreg ut av EØS-avtala.

– Det har vi meint heilt sidan Noreg gjekk inn i EØS, og vi meiner framleis at den avtala ikkje er eit verdig internasjonalt samarbeid. Det er ei avtale som er stadig meir omfattande, og som går i Noreg sin disfavør, seier Gjelsvik.

– Er det realistisk å seie opp EØS i neste stortingsperiode?

– Ja, vi vil erstatte EØS-avtala med samarbeids- og handelsavtalar som tener Noreg betre, seier han.

Retting 4. oktober 2024: Ordet «servicenæringa» er endret til «tjenesteeksporten» i sitatet til Fredrik Mortvedt om at «avtala utelukkar veldig store grupper av norske arbeidarar som er avhengige av EØS-avtala» – ettersom det er en mer presis beskrivelse.

Dette får du

  • Nye perspektiver

    Journalistene våre gir deg analyser og vinklinger du ikke finner andre steder.

  • Klassekampen.no

    På klassekampen.no får du servert de beste sakene fra avisa. Du kan også lese dagens og tidligere utgaver, søke i arkivet og dele artikler med venner og kjente.

  • Nett eller papir?

    Du kan ha papiravisa hver dag, bare i helga eller ikke i det hele tatt. Digital tilgang har du uansett!