Carl S Bjurstedt har delt denne artikkelen med deg.

Carl S Bjurstedt har delt denne artikkelen

Bli abonnent

Sidan 1978 har alle nordmenn fått utbetalt den vanlege løna si i inntil eitt år når dei blir sjuke. Det vil Sveinung Rotevatn og Venstre ha ein slutt på.

Han vil ta pengane frå dei sjuke

STRENG: Sveinung Rotevatn i Venstre seier det ikkje handlar om pengar, og at han hadde vore for å kutte i sjukeløna sjølv om ordninga hadde kosta staten null kroner. Foto: Fartein Rudjord

– Du har ivra for å kutte i sjukeløn sidan du vart Unge Venstre-leiar for 14 år sidan. Kva får ein ung mann frå trygge kår til å bruke heile sitt vaksne liv på å gjere sjuke folk fattigare?

– Eg tykkjer det er ei viktig sak fordi eg meiner at noko av det verste vi gjer mot folk, er å parkere dei i eit tilvære med varig utanforskap. Eg er bekymra over dei tala vi ser i Noreg, og særleg at det er ei sterk auke i unge uføre og unge sjukmelde. Då meiner eg at det er rett å prate om det, sjølv om det ikkje alltid er populært.

– Nivået på sjukefråværet har svinga så lenge du har vore politisk aktiv. Likevel har dine haldningar rundt sjukelønskutt vore konstante. Finst det eit nivå på sjukefråværet som er så lågt at du ville ha tenkt at vi kan tillate oss å ha ei så raus sjukelønsordning som vi har?

– Viss vi fekk eit sjukefråvær som var i nærleiken av nabolanda våre, kunne vi kanskje hatt ein diskusjon. Slik er det diverre ikkje. No har fråværet gått opp i det siste, men eg er eigentleg meir oppteken av dei langsiktige trendane, og dei trendane er at fråværet i Noreg er stabilt høgt.

– Ordninga med full sjukeløn er dyr, og det er kanskje grunnen til at det ikkje er så mange andre land som har ei like god ordning som Noreg har. Er ikkje vi eigentleg så rike at vi har råd til det?

– Det handlar om mykje pengar, men eg hadde vore for å kutte i sjukeløna sjølv om ordninga hadde kosta staten null kroner. Det er det varige utanforskapet eg er bekymra for og korleis det råkar folk. Når det er sagt, er det tale om mykje pengar. Kostnadane for staten har auka med 13,3 milliardar kroner i året samanlikna med då Støre-regjeringa tok over.

– 13 milliardar kroner er småpengar samanlikna med ein nasjonal transportplan på 1300 milliardar kroner, då. Kunne vi ikkje heller ha kutta litt i den store auka i pengar vi brukar på veg og så tatt oss råd til at sjuke folk ikkje skal bli fattigare?

– Eg meiner som sagt at det statsfinansielle ikkje er det beste argumentet mot sjukeløn. Det er utanforskapet eg er oppteken av.

– Den totale yrkesdeltakinga i Noreg er blant dei høgste i verda. Er det ikkje fleire som jobbar i Noreg enn i dei fleste europeiske land?

– I totalsysselsettingsandel er vel Noreg nummer seks i Europa, trur eg. Det er i hovudsak fordi folk i Noreg står i jobb ganske lenge. I mange europeiske land er pensjonsalderen 62 eller 63 år, men i Noreg har vi høg yrkesdeltaking blant dei som i andre land er pensjonistar. Viss du ser på dei som er mellom 25 og 55, ligg vi under snittet i europeisk samanheng. Det at vi jobbar så enormt mykje i Noreg er altså ei myte som heng att.

– Du og Venstre vil kutte sjukeløna ned til 80 prosent etter eit halvt år. Då vil det vere mange som er så sjuke at dei ikkje kan jobbe som får den disponible løna si kvar månad redusert med 20 prosent. I ein del yrke med høgt sjukefråvær er det også veldig låge lønningar. Korleis trur du eit slikt kutt vil påverke liva til dei som ikkje kan jobbe?

– Nei, det er eit vanskeleg dilemma, dette her. Det er heilt klart at fleire vil jobbe dersom det lønar seg litt. Det er heva over tvil, meiner eg. Samstundes er det heilt rett at det er nokre grupper med folk som rett og slett ikkje kan jobbe uansett kor mykje det lønar seg. Då blir eigentleg spørsmålet kor viktig det er at dei gruppene skal ha ytterlegare seks månadar med full løn før dei plutseleg går ned til å få utbetalt 66 prosent av løna. Det gjer dei når dei går over på arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd. Dette meiner eg er ein svakheit ved argumentasjonen til både LO og venstresida. Det er liksom så brutalt å foreslå ein eigenandel på sjukeløn, men alle er samde om at det er heilt greitt med ein eigenandel på 34 prosent på uføretrygd.

– Kvifor trur du at Høgre er usamd med deg og ikkje vil kutte i sjukeløna?

– Eg tippar at det er nokre i Høgre som oppriktig meiner at ordninga er fin slik den er, men eg trur også at det er mange som er opptekne av at partiet av taktiske grunnar ikkje må skilje seg for mykje frå Arbeidarpartiet i store velferdssaker.

– Trur du at det er mange i Arbeidarpartiet som i skjul er samd med deg i denne saka?

– Det veit eg at det er. Det treng eg ikkje å lure på, for det er sentrale arbeidarpartipolitikarar som kjem til meg og seier det. Dei siste vekene har eg prata med fleire slike som seier at dei er heilt samde med meg.

– Kvifor seier dei det ikkje høgt?

– Det er på grunn av LO. Det er ikkje noko å lure på ein gong, det er berre å lese biografien til Jens Stoltenberg. Han ser korleis dette heng saman og ville fornuftig nok gjere noko med sjukelønsordninga. Det klarte LO å stoppe, så det er LO som hindrar Arbeidarpartiet i å meine noko fornuftig om dette.

– Er ikkje dette ein klassisk konspirasjonsteori? Det kan jo hende at dei fleste både i Arbeidarpartiet og LO berre er heilt usamde med deg om sjukelønsordninga.

– Kanskje, men det er i alle fall eit faktum at dei gongane krefter i Arbeidarpartiet har forsøkt å gjere noko med sjukeløna, er det LO som har stoppa det. Vi veit at når du har vore sjukmeld lenge, er faren overhengande for at du endar opp i varig utanforskap på uføretrygd. Det vi har sett over tid no, er at korttidsfråværet i Noreg ikkje er noko stort problem, men det er eit problem at folk blir ståande varig utanfor arbeidslivet. Det meste vi har av erfaring, kunnskap og forsking tilseier at det å endre sjukelønsordninga vil redusere utanforskapet.

– Lege Anders Danielsen Lie har sagt at han trur mange legar skriv ut sjukmelding sjølv om dei eigentleg veit at det ikkje er det medisinsk beste for pasienten. Fastlegane har eit økonomisk insentiv til å ikkje vere usamd med pasienten, og difor trur han det skjer. Må fastlegar vere strengare?

– Til sjuande og sist vil dette i stor grad vere opp til pasienten. Det er ein grunn til at vi brukar omgrep som «å sjukmelde seg». Det er vanskeleg for ein lege å protestere på at ein pasient føler seg utmatta eller er deprimert. Det er vanskeleg for ein lege å vite korleis arbeidskvardagen til ein pasient ser ut og at den pasienten tek feil viss dei seier at dei ikkje kan jobbe. Vi må ikkje ha for høge forventningar til kva fastlegane kan få til.

Dette får du

  • Nye perspektiver

    Journalistene våre gir deg analyser og vinklinger du ikke finner andre steder.

  • Klassekampen.no

    På klassekampen.no får du servert de beste sakene fra avisa. Du kan også lese dagens og tidligere utgaver, søke i arkivet og dele artikler med venner og kjente.

  • Nett eller papir?

    Du kan ha papiravisa hver dag, bare i helga eller ikke i det hele tatt. Digital tilgang har du uansett!