Solveig Aareskjold 31. aug.
Ei anna fortid I fjor haust arrangerte økonomifestivalen Kåkånomics i Stavanger ein diskusjon om den industrielle revolusjonen mellom historikarane Terje Tvedt og Nils Rune Langeland: Kvifor starta han i England og ikkje ein stad i Asia? Det var både ein grundig gjennomgang av etablerte sanningar og ei festleg døme på akademisk teater, der Tvedt inntok stillinga som streng professor, mens Langeland trass i sine femtini år måtte spela rolla som den unge studenten som ikkje forstod samanhengen mellom årsak og verknad.
Likevel er det han som held seg til den mest tradisjonelle forklaringa, med vekt på Max Weber og den protestantiske arbeidsetikken. Tvedt er meir oppteken av måten elvane renn på: I England er det lett å nytta vasskraft til å driva møller og maskinar, mens asiatiske elvar er fulle av slam og småstein og fløymer over og skiftar leie i eitt køyr. Elles er dei einige om at den industrielle revolusjonen var ei eineståande historisk hending, og at livet etter var uendeleg mykje betre enn livet før, endå så mykje naud han førte til i startfasen.
Men det er ingenting i vegen for at industrien kunne ha vokse fram gradvis og fredeleg kva tid som helst og kor som helst, med langt mindre forureining og misbruk av menneskekroppen enn det som faktisk skjedde, dersom det ikkje alltid hadde vore nokon som gjekk i vegen for det personlege initiativet. For det finst ein ressurs som for det meste har blitt liggjande ubrukt, og det er den menneskelege evna til problemløysing og nyskaping.
Ein gong i eldre steinalder gjorde me den revolusjonerande oppdaginga at me kunne bruka hole gjenstandar til å bera vatn i, og då me fann på at me skulle dyrka våre eigne frukt- og nøttetre i staden for å traska milevis for å sanka litt her og litt der, skapte me den første Edens hage. Men ved inngangen til historisk tid for om lag tre tusen år sidan skjedde det dessverre ein lagnadstung stagnasjon der både materielle ressursar og menneskeleg energi blei styrt inn i produksjon av krigsmateriell. Dei fleste sokk ned i ulike former for trældom, som innebar eit konstant og destruktivt stress, mens dei griskaste ville dyrkast som gudar.
Slik hangla og gjekk det gjennom oldtid og mellomalder.